Hyttetur – litt seint, lissom
Det begynner allerede å bli ei stund sida, men nå kommer i hvert fall bildene fra hyttetur med Atle og Anders i slutten av september. Hytta ligger ikke så langt fra Geilo. Friske karer med tollekniv og godt humør der, altså:
Bileter
Av ein eller annan grunn har eg klart å rote noko voldsomt når eg skulle legge inn bileter. Så eg prøver att her.
Vel, bileta skal no kanskje ligge her ein eller annan plass. De får trykke vilt på sida, så gje meg ein tilbakemelding på kva som skjer. I mellomtida skal eg få tak i ein eller annan som er litt datakyndig…halleluja, lure på korleis i all verden eg klarte å få til dette…
Ser ut til at det har ordna seg….krysser fingrane for det i alle fall : )
Trondheim
Då er me på plass i Trondheim og har så smått funne oss til rette. Rasmus syns det er litt rart og lurer av og til på kvar Sogndal er og kvifor me ikkje berre kan køyre oss ein tur der. Innimellom vil han gjerne reise til Voss og gleder seg masse til me skal feire jul der, sjølv om han ikkje heilt skjøner at det er nokre veker til me kan reise. No har han gått ei veke i den nye barnehagen, Smidalen, der han går på grevlinghiet. Overgangen har gått over all forventning og det ser ut til at han trives godt der. Det er ein del arbeidsfolk som ordner og fikser litt på barnehagen (heilt ny midlertidig brakke-barnehage), og det syns jo jobbemannen Rasmus er veldig stas. Påvirkningen av språket og endringar er allereie i gang, no går det i “gjem dokkers” i steden for “gøym dekan”…. Einar er på plass i ny jobb og er veldig flink han også
Går på jobb heilt aleine og klarer seg heilt fint!
Eg og Mathilda prøver no å få litt struktur på dagane og samtidig gjere oss litt kjent i Trondheim by. Me har lært oss å køyre til det aller viktigaste, IKEA og shopping senteret City Syd. Etterkvart håper me på at me skal bli godt kjent på dei koselige kafeeane som er i sentrum. I og med at haust og vinter-været er godt i gang, har ikkje det vore så veldig fristande med bytur enno. Men det spørs om me ikkje må trasse værgudane ein dag og likevel trille litt rundt for å finne god kaffe og gode kaker.
Det nærmar seg
Det nærmar seg flytting frå Sogndal. Me gledar oss til det, men sjølvsagt er det litt vemodig også. Me har så smått byrja med pakkinga, men det som foreløpig tar mest tid er sortering og rydding. Utruleg kor mykje som samlar seg i løpet av nokre år… No kastar me med hard hand og gjev vekk det som me ikkje vil ha lenger. Me har allereie vore nokre turar på bossplassen og det er vel sannsynleg at det vert nokre til. Ungane skjønar ikkje så mykje om kva som skal skje, men Rasmus er så stor at han forstår at det er noko i gjære, men ikkje heilt kva. Prøver å forklare han at me skal flytte, men det er ikkje så lett å forstå. Det viktigaste for han er at me ikkje kastar leikene hans og at legoen og senga får vera med. Og det får det jo sjølvsagt : )
Søndagstur
Som det seg hør og bør (eller noko sånt) på ein søndag tok me med litt niste, saft og kaffi – og avgårde på tur. I dag var målet leikeplassen ved Trudvang skule, der er det blant anna ei ballbinge som Rasmus og (særlig) pappa syns det er veldig kjekt å vere i. Her koste me oss masse og traff andre familier i same ærend som oss. Både Rasmus og Mathilda syns det var stas å vere ute i det nydelige haustveret, og ikkje minst var det godt for mor og far å få seg litt frisk luft : ) Som vanleg var fotoapparatet med, og her kjem det nokre blinkskudd i frå turen og nokre i frå kosestunda i sofaen seinare på ettermiddagen.
Og så vil me gjerne få gratulere tante Ida Magnhild så mykje med 19 års dagen i dag! Håper du har hatt ein super dag, pakke kjem snart i posten
: )
tante Anne Christine
Dette er tante Anne Christine. Ho vert snart 22 år (22.oktober),og studerer til førskulelærar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Elles er ho veldig glad i Stian, graut, taco og turar i skog og mark. Ikkje glad i høgder, snobbar eller masete folk. Er super tante som stiller opp når mor og far treng eit lite pusterom : ) Me er veldig glad i ho, og me kjem alle til å savne ho masse når me snart flytter i frå Sogndal til Trondheim.
DÅP
6.august var det stor fest i familien, Mathilda fekk vatn på hovudet av presten. Dåpsbarnet hadde på seg ein fantastisk flott dåpskjole, designa, sydd og brodert av tante Ida ( med litt hjelp av farmor til broderinga). Heilt fantastisk! Me hadde ein veldig kjekk dag i lag, og så var det veldig kjekt at så mange i frå familien kunne kome, både frå trøndelag og frå Voss. Ein del bilete vart det sjølvsagt tatt den dagen også, her er nokre av dei :
Bursdag
16. september var det bursdagsfeiring for Rasmus. Det store høgdepunktet var naturligvis gaveopning. Vi kan nemne: verktøyskrin, togbaneutstyr og fine kle. Her er nokre snapshots frå dagen:
Flytting
No nærmar det seg flytting frå Sogndal til Trondheim. Mykje som skal ordnast før den tid, men me får tru me kjem i havn utan store problemer. Me gledar oss utruleg mykje til me skal flytte inn i det nykjøpte rekkehuset vårt i Akka Bakka. Er ikkje ferdig før til neste sommar, men me har fått ein veldig bra plass å leige på Tyholt fram til den tid.
velkommen til den nye bloggen vår!
Dette er bloggen til den vesle familien vår. Vi er mor, far, Mathilda og Rasmus. Her er bilete av ungan: