På skøyter
Søndag fekk Rasmus prøve seg på skøyter for fyrste gong. Det var ikkje så enkelt, men likevel veldig artig. Ho mor syns også det var veldig artig og klarte faktisk å halde seg på beina
Og det vert sikkert ikkje så lenge til neste gong me prøver att. Som vanleg var fotoapparatet med, og her nokre blinkskudd :
Mathilda er veldig aktiv for tida og utforsker det meste rundt seg, skap og skuffer er spesielt interessant :
Rasmus på ski
Endeleg er det skikkeleg vinter med masse snø. Rasmus syns det er utruleg kjekt å vera ute, ikkje minst å prøve dei nye skiene. Som alle stolte foreldre syns me sjølvsagt han er fantastisk flink, berre sjå her – frå den aller fyrste dagen med ski på beina:
godt nytt år
Det har vore ei stund sidan sist, men slik er det innimellom. Det er travelt med to små i hus, og det er lett å synke ned i sofaen når dei har fått kveldsmat, pussa tenner og sagt natta. Eg tenker ofte på alt eg burde ha gjort, skulle ha gjort når eg sitt og ser på TV`en, men det er ikkje lett å kome seg opp på beina att. Det luraste ein gjer som småbarnsforeldre er å berre halde det gåande heile dagen, ikkje sette seg nedpå – for då er det gjort – ein kjem seg ikkje oppatt. Uansett, for å gå oppdatere litt: Jula feira me på Voss. Eg og ungane reiste til Voss ei veke før jul og fekk dermed god til i saman med familien der. Det var veldig kjekt å sjå alle saman att og Rasmus sette stor pris på å få vera med ut i hagen og hjelpe til med komposten. Rasmus syns sjølve julaften var ganske artig, spesielt då han oppdaga at det var mange pakker berre til han. Mathilda derimot var fantastisk søt i kjolen som tante Ida hadde sydd til ho og mest opptatt av julepapiret.
3.juledag reiste me tilbake til Trondheim og samtidig vart tante Katharina med på besøk. Det var veldig kjekt
Rasmus og Mathilda storkosa seg saman med supertanta
Men det mest fantastiske som skjedde, på tampen av 2006, 31.12 kom vesle Martin Aleksander til verda, Ørjan og Jon Anders er blitt storebrødre og Rasmus og Mathilda har fått eit nytt søskenbarn. Utruleg kjekt
Og då er me i gang med 2007. Rasmus er tilbake i barnehagen, Einar på jobb og eg og Mathilda håper på jobb og barnehageplass. Mathilda er blitt kjempe flink til å krabbe og no må me passe på det meste. Den minste velse ting på golvet er spennande og alt skal i munnen. Puh! Men ho er no aller mest søt då, og storebror er til tider veldig flink til å passe på ho
Og her nokre bilder av dei små :
Rasmus er ein skikkeleg flink jobbemann, og Mathilda kunne nok tenkt seg og lært seg nokre kokekunstner. Godt Nytt År til alle!