skal bare


Det nærmar seg

Det nærmar seg flytting frå Sogndal. Me gledar oss til det, men sjølvsagt er det litt vemodig også. Me har så smått byrja med pakkinga, men det som foreløpig tar mest tid er sortering og rydding. Utruleg kor mykje som samlar seg i løpet av nokre år… No kastar me med hard hand og gjev vekk det som me ikkje vil ha lenger. Me har allereie vore nokre turar på bossplassen og det er vel sannsynleg at det vert nokre til. Ungane skjønar ikkje så mykje om kva som skal skje, men Rasmus er så stor at han forstår at det er noko i gjære, men ikkje heilt kva. Prøver å forklare han at me skal flytte, men det er ikkje så lett å forstå. Det viktigaste for han er at me ikkje kastar leikene hans og at legoen og senga får vera med. Og det får det jo sjølvsagt : )