Søndagstur
Som det seg hør og bør (eller noko sånt) på ein søndag tok me med litt niste, saft og kaffi – og avgårde på tur. I dag var målet leikeplassen ved Trudvang skule, der er det blant anna ei ballbinge som Rasmus og (særlig) pappa syns det er veldig kjekt å vere i. Her koste me oss masse og traff andre familier i same ærend som oss. Både Rasmus og Mathilda syns det var stas å vere ute i det nydelige haustveret, og ikkje minst var det godt for mor og far å få seg litt frisk luft : ) Som vanleg var fotoapparatet med, og her kjem det nokre blinkskudd i frå turen og nokre i frå kosestunda i sofaen seinare på ettermiddagen.
Og så vil me gjerne få gratulere tante Ida Magnhild så mykje med 19 års dagen i dag! Håper du har hatt ein super dag, pakke kjem snart i posten
: )
tante Anne Christine
Dette er tante Anne Christine. Ho vert snart 22 år (22.oktober),og studerer til førskulelærar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Elles er ho veldig glad i Stian, graut, taco og turar i skog og mark. Ikkje glad i høgder, snobbar eller masete folk. Er super tante som stiller opp når mor og far treng eit lite pusterom : ) Me er veldig glad i ho, og me kjem alle til å savne ho masse når me snart flytter i frå Sogndal til Trondheim.
DÅP
6.august var det stor fest i familien, Mathilda fekk vatn på hovudet av presten. Dåpsbarnet hadde på seg ein fantastisk flott dåpskjole, designa, sydd og brodert av tante Ida ( med litt hjelp av farmor til broderinga). Heilt fantastisk! Me hadde ein veldig kjekk dag i lag, og så var det veldig kjekt at så mange i frå familien kunne kome, både frå trøndelag og frå Voss. Ein del bilete vart det sjølvsagt tatt den dagen også, her er nokre av dei :
Bursdag
16. september var det bursdagsfeiring for Rasmus. Det store høgdepunktet var naturligvis gaveopning. Vi kan nemne: verktøyskrin, togbaneutstyr og fine kle. Her er nokre snapshots frå dagen:
Flytting
No nærmar det seg flytting frå Sogndal til Trondheim. Mykje som skal ordnast før den tid, men me får tru me kjem i havn utan store problemer. Me gledar oss utruleg mykje til me skal flytte inn i det nykjøpte rekkehuset vårt i Akka Bakka. Er ikkje ferdig før til neste sommar, men me har fått ein veldig bra plass å leige på Tyholt fram til den tid.
velkommen til den nye bloggen vår!
Dette er bloggen til den vesle familien vår. Vi er mor, far, Mathilda og Rasmus. Her er bilete av ungan: