Travle tider og prioriteringar av andre ting har gjort at bloggen har “sove” i ca eit års tid. Men no er bloggen tilbake i drift….og her er nokre bilete frå vinteren 2009, som så langt har vore kald og snørik- fantastisk!
Vår
Då er det vår, graset er byrja å verta grønt og blomane stikk seg fram. Rasmus er veldig begeistra og Mathilda vil gjerne smake på alt dette nye
Me har det bra og koser oss masse. Det er travle dagar på jobb og i barnehage – og ikkje så mykje tid til å oppdater blogg og slikt… Rasmus har fått seg sykkel som seg hør og bør om våren, og han er veldig begeistra for tohjulingen sin. Mathilda øver seg masse på å gå, men har ikkje turt å sleppe seg enda, men det er ikkje så langt unna.
Her kjem nokre bileter av dei søte små:
Og så er dei jo godt i gang med bygginga av rekkehuset vårt i akka bakka
På skøyter
Søndag fekk Rasmus prøve seg på skøyter for fyrste gong. Det var ikkje så enkelt, men likevel veldig artig. Ho mor syns også det var veldig artig og klarte faktisk å halde seg på beina
Og det vert sikkert ikkje så lenge til neste gong me prøver att. Som vanleg var fotoapparatet med, og her nokre blinkskudd :
Mathilda er veldig aktiv for tida og utforsker det meste rundt seg, skap og skuffer er spesielt interessant :
Rasmus på ski
Endeleg er det skikkeleg vinter med masse snø. Rasmus syns det er utruleg kjekt å vera ute, ikkje minst å prøve dei nye skiene. Som alle stolte foreldre syns me sjølvsagt han er fantastisk flink, berre sjå her – frå den aller fyrste dagen med ski på beina:
godt nytt år
Det har vore ei stund sidan sist, men slik er det innimellom. Det er travelt med to små i hus, og det er lett å synke ned i sofaen når dei har fått kveldsmat, pussa tenner og sagt natta. Eg tenker ofte på alt eg burde ha gjort, skulle ha gjort når eg sitt og ser på TV`en, men det er ikkje lett å kome seg opp på beina att. Det luraste ein gjer som småbarnsforeldre er å berre halde det gåande heile dagen, ikkje sette seg nedpå – for då er det gjort – ein kjem seg ikkje oppatt. Uansett, for å gå oppdatere litt: Jula feira me på Voss. Eg og ungane reiste til Voss ei veke før jul og fekk dermed god til i saman med familien der. Det var veldig kjekt å sjå alle saman att og Rasmus sette stor pris på å få vera med ut i hagen og hjelpe til med komposten. Rasmus syns sjølve julaften var ganske artig, spesielt då han oppdaga at det var mange pakker berre til han. Mathilda derimot var fantastisk søt i kjolen som tante Ida hadde sydd til ho og mest opptatt av julepapiret.
3.juledag reiste me tilbake til Trondheim og samtidig vart tante Katharina med på besøk. Det var veldig kjekt
Rasmus og Mathilda storkosa seg saman med supertanta
Men det mest fantastiske som skjedde, på tampen av 2006, 31.12 kom vesle Martin Aleksander til verda, Ørjan og Jon Anders er blitt storebrødre og Rasmus og Mathilda har fått eit nytt søskenbarn. Utruleg kjekt
Og då er me i gang med 2007. Rasmus er tilbake i barnehagen, Einar på jobb og eg og Mathilda håper på jobb og barnehageplass. Mathilda er blitt kjempe flink til å krabbe og no må me passe på det meste. Den minste velse ting på golvet er spennande og alt skal i munnen. Puh! Men ho er no aller mest søt då, og storebror er til tider veldig flink til å passe på ho
Og her nokre bilder av dei små :
Rasmus er ein skikkeleg flink jobbemann, og Mathilda kunne nok tenkt seg og lært seg nokre kokekunstner. Godt Nytt År til alle!
Begivenhetsrik helg
Lørdag var en begivenhetsrik dag i Trondheim. Først skulle vi besøke selveste Postmann Pat, som hadde tatt turen fra Greendale (hæn e Miss? hæn e postbilen?). Det viste seg imidlertid at en av paten’s mest dedikerte fans feiga litt ut når det kom til å prate med helten. Men, men… her er uansett et par bilder:
Deretter reiste vi innom en butikk alle satte pris på, ikke minst mor:
Til slutt en ganske søt video av Mathilda og Rasmus…






